søndag 15. juli 2012

Fugleskremsel

Det er så triveleg å ha litt bær i
eigen hage, som ein kan plukke rett
i brødboksen (les: munnen).  
- evt spare på heilt til dessert.

Jorbæra var me ikkje så veldig heldige
med. Ettersom me planta dei i vår,
var avlingen begrensa.
Og dei bæra som kom (som storebror
venta lengselsfullt på, og vokta lillebror
for at han ikkje skulle ta før dei var modne)
rappa fuglane før me fekk smakt på dei.

No er dei fyrste bringebæra snart
modne, og storebror er bekymra...


I dag tidlig, medan gutane såg på
barne-tv og eg prøvde å late som eg ikkje
sov, kom han på kongstanken:

"Kanskje vi bare skulle lage oss et
fugleskremsel?!"

Moro når dei kjem på ting sjølv,
tykkjer eg. Så me sette i sving.

Storebror er relativt omstendeleg,
så han starta med arbeidsteikning:


"Tror du ikke at fuglene blir BRA
skremt av dette her, mamma?!"

Det måtte eg jo berre svare bekreftande
på, sjølv om detaljane verka noko
uklare. Men me sette i sving. Tråkleguri
gjer ting ho ikkje kan; sage og spikre.
Men eg må innrømme at det er
kjempemoro!!!
På eit tidspunkt går storebror litt
sur. Han tykkjer at me brukar berre
mine idear. Har har tross alt laga ei
arbeidsteikning...

Eg må gå i meg sjølv, og etter litt
dialog og tolking av teikninga
er me samde. (Eller eg sluttar iallfall
å blande meg med idear til ting eg tykkjer
hadde sett fint ut, ettersom det strengt
tatt ikkje er mitt prosjekt)

 

Ingen tvil om at dette ser skummelt ut!!
Og storebror er så fornøyd...


Storebror har teikna fjes (eit skummelt).
Og så har me spikra fast hår laga av
aluminiumsfolie som blafrar nifst i vinden.

Ikkje eit nebb som kjem til å røre
denne bringebæravlingen!!



4 kommentarer:

  1. Så god ide og for et flott fugleskremsel. Ser jo at arbeidstegningene ble fulgt :)
    Lykke til med avlingen :)

    SvarSlett
  2. Så utrolig kult fugleskremsel!

    SvarSlett
  3. Utrolig kult fugleskremsel! Og skjønner så godt at det er vanskelig å ikke blande seg med egne ideer. Men det er klart ungene får mest ut av å få gjennomslag for egne ideer og tanker!
    (vil forøvrig tipse om bærnot - i tillegg til fugleskremsel..)

    SvarSlett
  4. Haha så festlig et innlegg!! TAkk for kommentar og fantastisk ide på Moijito innlegget. Det skal jeg jammen meg prøve!!! Sommerhilsen Signe

    SvarSlett