søndag 3. juni 2012

Handlenett i lin

Handlenett igjen. Dette har fått litt
lengre hank enn det psykedeliske.
 (sjå forrige innlegg)


Det er sydd i lin, så her fann eg ut det
vart best resultat med for. Glad eg ikkje
hadde publikum mens eg prøvde å forstå
korleis eg skulle vransy for å unngå synlege
saumar... Urg... Hadde ikkje vorte headhunta
som mensa-medlem for den innsatsen.


Eg har ikkje klart å gjengi fargane skikkeleg
på bileta, men eg likte så godt
kombinasjonen linfarge, det litt nostalgiske
bommullstoffet med "50-talsaktig"
blåfarge og den blå ullfilten.
Difor måtte eg berre lage ein blomst av
ull- og bommullstoff.
Sjølv om det ikkje er så sommarleg.
Kan lett sprette den av igjen,
om eg ombestemmer meg :)

Ha ei fin veke!!

1 kommentar:

  1. Så flott handlenett :) Lekkert valg av stoffer og jeg syntes jo at blomsten var kjempefin :)

    SvarSlett