onsdag 6. juni 2012

Cordskjørt i brunt og rosa, med store lommer

Skjørt i sjokoladebrun babycord,
og bomullstoff i rosa og brunt.

Eg har lenge tenkt på å lage eit skjørt
med slike panel (eller kva det no heiter,
når ein syr saman fleire utskrådde delar).
Fasongen vart ganske fin, og så hadde eg
ein ide om at det kunne bli fint å
gjere to av felta doble - til lommer.

Endeleg fekk eg gjort det!


Lommene går heilt ned til blondekanten.
Her er det plass til masse skattar,
for ikkje å snakke om pung med ispengar.


Slik ser baksida ut:


Linningen er i bomullstoff, med strikk
inni. På toppen er det ein liten
rynkekant til pynt.


Nærbilete av lommekanten og overgangen
mellom panelane. Men no ser eg at bileta
vart tekne før eg bestemte meg for å sy
stikningar i brunt på begge sider av
overgangen mellom panela.
Altså to vertikale, brune saumar.  
Det vart finare. Om eg hugsar det skal
eg legge ut eit oppdatert bilete seinare...


Passar til jenter
(eller andre som likar å bruke skjørt)
og som er ca 3-5 år.

4 kommentarer:

  1. Kjempefint skjørt! Genial ide med de lommene, det har eg ikkje sett før. Kanskje eg prøver meg på noge lignende...

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg tilbakemelding!

    Berre å teste ut. Kjekt å dele idear som andre og kan ha nytte av. Om du linkar til bloggen min, blir eg sjølvsagt kjempeglad ;)

    SvarSlett
  3. Så fint eit skjørt, det kjem nok til å bli bruka masse av ei jente i sommar!:)

    SvarSlett
  4. Den är verkligen fin.:-) Kram Stina

    SvarSlett