onsdag 2. mai 2012

Kjole til meg sjølv

I dag har eg faktisk rota meg til
å sy ein kjole til meg sjølv!
Det er jammen lenge sidan sist,
sjølv om planane er aldri så mange...

Denne er sydd i trykt jersey, svart med
mønster i naturkvitt. Stoffet hadde
den kvite mønsterborden i begge sider, og
prikkemønsteret på midten. Ettersom
stoffet var såpass "fast i fisken" tok
eg sjansen på å snu det med elastikken
motsatt veg av det ein vanlegvis har.
Dette fordi eg hadde lyst å få borda
i nedekanten på kjolen.
Me får sjå korleis det fungerar.
Om det ikkje blir vellykka, er det ingen
katastrofe. Kjolen er nemleg sydd av
stoffbit fra Stoff og Stil sin restekasse
til den nette sum av 76 kroner.

Eg brukte ikkje noko mønster. Det var
eit samarbeid mellom Petra prøvedokke
og heilfigurspegelen :)

Brukte den gode gamle "start-med-
litt-for-stor, og-sy-inn-litt-her-og-der-
til-den-passar-metoden". Vart ikkje så
verst fornøyd til slutt. For ein gong skuld
sit han faktisk bedre på meg enn på
prøvedokka. Det skuldast nok at den er
sydd akkurat etter mine mål, og eg
har litt meir enn Petra over alt...



3 kommentarer:

  1. Synes det var en kjempefin kjole!!

    SvarSlett
  2. Så stilig den ble! Likte utnyttelsen av stoffet:)

    SvarSlett
  3. Hei! Mye fint her inne :) likste stoffet i denne kjolen

    SvarSlett