tirsdag 22. mai 2012

Houston, we have a problem...

Jepsi. We have a problem...
Eller strengt tatt er det vel mitt problem.

Kjøkkenet og stova skal pussast opp i juni.
Og dei som følger med på kalenderen veit
at det er ikkje lenge til juni.
Førebuingane er igang.

Blant anna har eg masa meg til at mannen
skal male det fine, gamle skapet som Besten
min har laga. Og at det skal ned i kjellaren.

(Etter pussing og fire strøk maling
viste det seg at skapet var for stort
til å få ned kjellertrappa.
Men det er ein annan historie...)

Problemet oppsto når alt dekketøyet
skulle ut av skapet. Min vesle sykrok har på
mystisk vis infiltrert heile kjellaren.
Dårleg med plass til noko som helst.
For å ikkje forpurre skapmalingsprosjektet
måtte eg vrenge bort dyner og puter frå
gjestesenga, slik at alt kunne leggast
ut over madrassa.

Ser ikkje så verst ut når ein tek bileta
slik heilt inntil. I vidvinkel, derimot...
Koppane med blomster er
70-talsservise arva frå mamma.
På 70-talet var det så fint at det vart
ikkje brukt. Så no er det like fint :)

Fatet under med papegøyar på har
lillebror fått hos olde-mormor. 
Det er faktisk frå hans tipp-oldeforeldre!
Måtte legge det heilt på toppen av
resten av serviset på madrassa...



Men så kjem me til kjernen av problemet.
Mitt stoffproblem.
Eg druknar i stoff og syutstyr.
Dei neste bileta er i litt mindre format,
i eit forsøk på å få problemet til å sjå
litt mindre ut.........


Hyller med veldig fine småstoff.
Bomullstoff øverst, ulike elastiske
variantar nederst.


Kommodar med stoff, garn og
divserse syutstyr. Enkelte ting vart visst
sist sett for ganske lenge sidan.


Skapet på gjesterommet.
Fullt av stoff. Kunne tatt bilete
om det ikkje var for stabelen
med stoffkassar som står framfor,
og som gjer det litt kronglete å få
opp dørane. I dei kassane er forresten
stoffskatten som eg har omtalt tidlegare.
Skal legge ut bilete av innholdet seinare.


Ei korg med litt forskjellige
fine ting som snart skal bli til noko,
trur eg.


Nei, nei, nei. Det er ikkje stryketøyet
som har rota seg inn her. Det er skjorter
som far i huset har rydda ut av skapet,
og som eg har rappa fordi eg har
heilt konkrete planer om å bruke dei
til redesign.


Nokre retroskattar eg har komme over
her og der. Gledar meg til å bruke dei.
Har berre ikkje heilt bestemt meg for kva
dei skal bli endå...

For å ikkje skjemme meg endå meir ut,
har eg kutta ut bilete av blant anna
putekassen full av garn og ting som skal
brukast til redesign.

Som de ser;
I have a problem!!

Kor skal vi gjere av alt som må vekk når
me skal pusse opp?
Eg bør i grunnen sy som berre pokker.

Spelar ingen rolle kva der er,
berre det går mykje stoff.

Tips mottas med takk :)

6 kommentarer:

  1. Hehe. Kjenner til problemet, sjøl om mitt lager e litt mindre (grunna liten leilighet ..) sy ein vognpose eller to... Då får du brukt mye stoff :) ytterstoff, mellomfor og innerfor... Pluss rester til applikasjon :) lilleleo har et fint mønster som eg har brukt. Fant det i made by me boka.

    SvarSlett
  2. Kjempegodt forslag! Eg har den boka (sjølvsagt)... Slike prosjekt får stoffmetrane til å gå.

    Elles tenker eg på handlenett og vesker. Av uforklarlege årsaker får eg alltid eit voldsomt behov for slike vesker og nett når det blir vår. Brukar dei til alt!

    Dersom eg lagar dei store og gode, med for, då snakkar me stoffslanking :)

    SvarSlett
  3. Puter er jo alltid en slager her i huset. Vesker og nett er jo også knall. Eler hva med et lappeteppe?
    Masse flott stoff hadde du hvertfall :)

    SvarSlett
  4. Ja puter!!

    Kvifor har eg ikkje tenkt på det?
    Det er genialt!!

    Tusen takk for gode tips. Og ja takk til endå fleire.

    No skal me pakke oss frå hovudstaden, og reise til Vestlandet for helga.

    Ynskjer alle ei nydeleg helg i sola!!

    SvarSlett
  5. Hmmm- nesten slik som jeg det....
    Må spare, har mange planer.. men tid. Det finnes ikke! Fin blogg. God pinse.
    J

    SvarSlett
  6. Planer blir ofte planer, men jammen er det godt å ha noe på lager i tilfelle .... hihi

    Vi har et kjempestort SommerBloggLotteri på gang. Kom innom oss og bli med da vel :)

    Ha en solrik og deilig helg.

    SvarSlett