mandag 23. april 2012

Redesignmodus!

Eg er i redesignmodus!

Redesignmodus
lyst til å lage nytt av gammalt

Jammen bra at eg har fått den
ånden over meg, så mykje gammalt
som eg samlar på fordi et tenker at
det kan bli til noko nytt :)

Her om dagen var eg på sytreff
med nokre hyggelege sydamer,
og me har avtalt at me skal møtast
for ein redesign-workshop
(som dei kallar det på godt norsk).

Det trur eg blir kjekt!!

Berre for å sparke meg litt igang,
har eg pimpa opp dei gamle
siklesmekkene til gutane,
slik at mi yndige grandniese kan arve...





Neida. Det kan vel knappast kallast
redesign å gå amok med pyntesaumar
på gamle smekker.
Men dei vart unekteleg hakket finare,
og absolutt mogeleg å gjenbruke.

Gledar meg til fiffigare prosjekt!!

1 kommentar:

  1. Redesign er jo så moro og når man gjør en tjeneste for miljøet er jo det en god bonus i tillegg. Kos deg på redesign.verksted :)

    SvarSlett