mandag 23. januar 2012

Blomstrende fleece, med årgangsknapp

Sjokoladebrun kjole i polarfleece,
med offwhite ribb i hals- og armåpning.

Håndsydde blomsterapplikasjoner.


For ein uinnvidd, ser dette kanskje ut som
heilt alminnelege knappar. Men det er det
IKKJE!

Eg er jo veldig glad i knappar, og likar
og bruke knappar som dekor på det eg
lagar. Opp gjennom åra har det samla seg
opp mange rare og fine knappar.

Knappane på denne kjolen er nokre
av dei eldste. Dei tre perlemorknappane
tykkjer eg er heilt nydelege.
Den rosa knappen på den kvite blomsten
er fin, men kanskje ikkje så spesiell å sjå på.
Men den er spesiell for meg!
Eg hugsar at eg har hatt den i
leikesyskrinet mitt frå eg var lita jente.
Nesten så eg ikkje klarar å bruke desse
knappane som har vore med meg så lenge...


2 kommentarer: