lørdag 10. desember 2011

Kloke damer...

Eller damer...?

Kan ikkje garantere at dette er damer.
Det er noko uvisst korleis ein ser
forskjell på ugledamer og uglekarar
når det gjeld denne arten.

Men eg tykkjer alle ugler
ser ut som damer.
Kvifor?

Kanskje fordi dei er så kloke?

Kjolane er i brun polarfleece,
kanta med offwhite ribb.

Det er den vanlegefasongen,
som eg likar så godt.


Fasongen er veldig anvendeleg;
Full anledning til action, og så
er det lettare å regulere temperaturen
når kjolen er utan arm.
Berre å velge tynn eller tjukk 
topp og tights/strømpebukse inni. 


Ein annan grunn til at eg likar
denne modellen, er jo som
tidlegare nemnt at eg kosar meg
i sofakroken med å applikere
for hånd pynten på kjolen.


I dette tilfellet altså;
to kloke ugledamer.

Ha ein fiiin laurdagskveld!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar