torsdag 22. september 2011

Lunt og godt ullsjal

Me har ei snill tante som fylte år i juli.
Gaven frå oss var ullsjal.

Kanskje ikkje den mest
typiske midtsommarpresangen.
Men no er hausten plutseleg her,
og då kan det sikkert varme godt.

 Mønsteret er henta frå
eit gammalt KK.

Tidlegare har eg brukt det til å strikke 
eit einsfarga sjal i turkis
til storesøstra mi.

Denne gongen brukte eg
pinnestørrelse 5 istadenfor 4.
Og strikka relativt laust.

Eg tykte resultatet vart bedre no.
Sjalet vart litt større,
og mjukt pga det lause strikket.

Ideen fekk eg etter at eg strikka
nøstebarnteppe til minsten.
Der er garnet tynt og pinnane tjukke.

 Sjølvet sjalet er i rillestrikk.
Kanten er hekla.
 Garnet eg har brukt heiter Kauni.
Det er fyrste gongen eg prøver
det, og det var heilt ok.

Men resultatet vart berre litt anleis
enn eg hadde tenkt meg.
Eg ville i grunnen strikke det i den
grønfargen som er på nokre av stripene.
Men tenkte at det kunne vore fint
med litt ulike nyansar, 
ettersom mønsteret er så enkelt.

Eg var difor ikkje heilt nøgd
når eg oppdaga at det berre var pittelitt
grønt, og resten i andre fargar.
Og dessutan at det vart breie striper
istaden for meir "spraglete".

Men, men. Får håpe tante likar 
striper, då. Og at fargane falt i smak.

Varmt og godt er det uansett :) 

4 kommentarer:

  1. Fineste sjalet!
    Heldige tante!

    SvarSlett
  2. Nydelig sjal! Det er det jeg liker med Kauni, de laaaange deilige fargeskiftene så det blir striper:) Også finnes det jo i så mange flotte farger! NYDELIG SJAL ble det!

    SvarSlett
  3. Kjempefint sjal!! Deilige farger! :)

    SvarSlett