mandag 22. august 2011

Tråkleguri i ny butikk!!

Tråkleguri tråklar i hop mykje rart...
Ein del kjem til nytte her i huset.
Ein del kjem til nytte hos vener og kjende.
Men noko av det som er aller kjekkast
er å tråkle saman ting
som ikkje er nyttige i det heile!
Berre kjekke å lage...
Bruke blonder, bånd og anna dill dall.
Leike med flagrande, prinsesseaktige tyllstoff......
Drukne i herlege stoff i alle slags
fargar og kvaliteter.

Kose meg med stoff og symaskin!!

Alle desse tinga er eg så heldig
å få lov til å henge i butikken til
Vivi Ann Mauseth:

Her er det sjølvsagt mange innom
for å sjå på alle dei fantastiske sakene. 
Som navnet fortel;
her finn du både leiker og mykje meir!

Og jammen visar det seg at det
er mange som har bruk for
jippijaja-sakene til Tråkleguri!! 

Hurra!!

Butikken til Vivi Ann låg tidlegare
i nabolaget til Tråkleguri.
Men så skulle lokala rivast og
Vivi Ann og butikken måtte flytte.
Dessverre flytta ho heilt til Bergen!!
Men heldigvis fekk Tråkleguri bli med.
Til
Lille Øvregate i Bergen

Om du er i området,
så ta en kikk da vel!! 

3 kommentarer:

  1. Så moro med plass i butikken da. Gratulerer med det!

    God helg!

    SvarSlett
  2. Eg har faktisk sett på kleda dine hos Leker og mer:) Veldig flotte klede!

    SvarSlett
  3. Ja eg føler meg så heldig som får lov til å ha sakene mine der. Det gir meg jo en heilt unik anledning til å sy og kose meg heilt fritt...!!

    Er ikkje alltid like kjekt å sy ting eg MÅ.

    Så gøy at du har vore i butikken Fabelblå!! Takk for ros :)

    SvarSlett