torsdag 9. juni 2011

Bilar og flodhestar til "gutta boys"

Storebror hadde fått auge på dette grøne stoffet med bilar, og bestilte t-skjorte med bilar.
Stoffet har fint mønster, men eg tykkjer fargane er litt dystre. For å gjere den sprekare vart me enige om at oransje kantar var veeeeldig kult.


Når me skulle kante ermane fekk me eit lite problem med tvillingsaumen på symaskina. Tråden berre krølla seg og hoppa over sting. Sømmen vart ikkje fin, og dessutan vil det nok rakne ganske raskt.
Ettersom t-skjorta skulle vere ein "prøveklut" for å sjå om mønsteret eg hadde laga meg fungerte, prøvde me ut ein annan type kanting i halsen.

Det ser bedre ut.


Prøving og feiling overstått - klar til bursdagsgaveproduksjon;
T-skjorte med flodhestar til storebror sin kompis!

2 kommentarer:

  1. Så flotte plagg! Herlig med den spretne kantefargen!
    Tvillingnål er gull, men det er mange elastiske/dekorative sømmer som kan redde dagen! ;)

    Klem fra Eva Mari :)

    SvarSlett
  2. Herlige t-skjorter!! Og jeg digger faktisk bred ribb nede :)

    SvarSlett