søndag 2. januar 2011

Restefest!!

Godt nyttår til alle som kikkar innom bloggen min!!



Symaskina står einsam i sykroken og støvar ned for tida, og då blir det lite aktivitet her i bloggen og...
Men i løpet av året har det vorte liggande ein del bilder som eg ikkje har blogga, og då er jo 2.nyttårsdag ein god dag for restefest!!






Lilla kjole med kvite "bomber". Stoffet heiter luksusfleece, og er heilt fantastisk behageleg. Tjukt og mjukt. Men hjelpe meg så mykje lo og støv det blir når ein klipper i det!!!!!!!!!!!
Når det stoffet blir teke fram igjen er det berre å klippe og sy til alt er brukt opp - på ein gong. Så slepp eg støvsuge og vaske heile etasjen meir enn ein gong... Det ferdige plagget loar ikkje, altså. Om nokon lurte på det. 

Hettegenser i blå/turkis fleece, med bomber (prikkar) i oransje, brunt, raudt og lilla. Det finst ulike typar fleece; microfleece, polarfleece, luksusfleece osv. At det er forskjell på desse er sjølvsagt. Men eg brukar for det meste polarfleece, og denne er også av svært varierande kvalitet. Den eg har brukt til genseren her, var veldig tjukk og mjuk.



Over er det bilete av ei svart fleecelue i "alvefasong", med ein snømann applikert på. Under er det også ei svart fleecelue, med øyrer og knappar til auge. Dei er veldig søte på, men det syner ikkje så godt når dei berre heng slik...



Kjole med hette i raud polarfleece. Hetta og kanten nede har fått blondepynt. Modellen er veldig enkel, men vart veldig søt på. Dei fleste tinga blir nemleg testa ut på storebror og lillebror. Men det er kanskje litt drøyt å legge ut bilete av dei stakkars gutane i kjole...



Denne svarte er også i polarfleece, og same modell som den raude. Her har eg kanta med rosa blonde, og pynta med ein rosa treknapp på brystet.



3 kommentarer:

  1. her var det kjempe masse fint!!!!

    SvarSlett
  2. Tusen takk!

    Masse fint i bloggen din også.
    Det rosa hjertestoffet var heilt nydeleg!!

    SvarSlett
  3. Masse fint du lager;) Kule luer!

    SvarSlett