mandag 27. desember 2010

Actionbilde!!


Her for ei stund sidan hadde eg eit innlegg med "arbeidsbilete" av ein kjole eg jobba med til lillesøster. Tenkte nesten eg måtte legge ut eit bilete av det ferdige produktet og, så her er lillesøster "in action"!

Både mønster og utforming vart til undervegs, så det er klart det er ein del ting som kunne vore anleis. Men det får bli neste gong... Ein lærer veldig mykje av å eksperimenterer litt!!

Kjolen er sydd i naturkvit velour og dekor er i sjokoladebrun babycord med naturkvite prikkar (etter mottakarens ynskje). Kappa nede er nesten som ein ballongkant, ettersom den er lagt dobbel og blir litt puffa. Eg har laga tilsvarande kanting på erme og hals, berre smalare. Her er det også fiffa opp med ein lys blonde. Bak hjarteapplikasjonen er det tre lag med lys tyll.

10 kommentarer:

  1. Kjolen var bare fantastisk - flinke deg, nå ble jeg inspirert!

    Ha en fortsatt herlig jul!

    SvarSlett
  2. Rett og slett nydelig!
    Fortsatt god jul :)

    SvarSlett
  3. Kjempeglad for fine kjolen min!! Tusen takk snille storesøster:) Klem

    SvarSlett
  4. Tusen takk for kjempehyggelege tilbakemeldingar :)

    Fortsatt god jul!!

    SvarSlett
  5. Tusen takk!

    Så koseleg med tilbakemelding :)

    Ha ei fin helg!!

    SvarSlett
  6. Så fin!!! den var bare super søt!!

    SvarSlett