søndag 3. oktober 2010

Voksenkjole!!



Eg syr stort sett barneklede, men eg har hatt lyst til å prøve meg på noko til voksne og. No er første prøveklut nesten klar; ein kjole/tunika til lillesøster. Ho er so pass liten av vekst at da er ein veldig glidande overgang fra barneklede (knegg knegg).
Stoffet er naturkvit velour og dekor er i sjokoladebrun babycord med naturkvite prikkar (etter mottakarens ynskje). Eg har sydd cord inni ermene og i eit hjerte på skjørtet. Bak hjertet er det tre lag naturkvit, mjuk tyll som stikk ut rundt kanten. Det som gjenstår er å sy på blonden som heng over prøvedokke i halringingen (same blonde som på ermekanten).
I tillegg er det kanten nede som eg er litt usikker på. Har sydd på ei lita kappe. Eller egentlig nesten som ein liten "ballongkant", ettersom den er dobbel og blir litt puffa.
Ja det var ei god forklaring!
Heile skjørtet ser litt rart ut fordi eg ikkje har dampa og sydd stikning endå... Men saken er at eg er usikker på om den skal vere der eller ikkje!! Kan evt berre klippe den av...?
Når ein vanlegvis syr barneklede er det ikkje alltid lett å stoppe i tide :)
Glad for innspel!!
TIPS: Klikk på bilete so blir det større - og det blir lettare p sjå detaljar

4 kommentarer:

  1. Kjempefin! Gledar meg til å prøve den! Ny bestilling på kjole til julebord venter... Helsing den heldige lillesøster:)

    SvarSlett
  2. So bra!! Får håpe den passer ja...

    Kanskje greit å vente med å bestille ny til du har prøvd denne på ;)

    SvarSlett
  3. Måtte berre knegge litt med ang klestørrelsen til lillesøster;-)... Helsing vetlasøstao i Kraoi:-)

    SvarSlett