fredag 17. september 2010

Over 1000!!!!!!!!!!!

I utgangspunktet oppretta eg denne bloggen fordi eg hadde lyst til å lage ei "dagbok" for meg sjølv - der eg kunne samle ein del av alle hobbyprosjekta eg styrer på med. At andre skulle kikke på det kom i andre rekke. Men etter kvart som eg kom igang - og fekk tilbakemeldingar - tykte eg at det var kjempemoro:)

No har eg fått meg "tellometer" - og i løpet av den første månaden har over 1000 vore på besøk!!!

Tråkleguri er overraska og hoppande glad!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar