lørdag 14. august 2010

Sommar-blogg-tørke











Det er lite aktivitet på bloggen min om dagen. Årsaka er at symaskina har stått og støva ned siste tida - utkonkurrert av ferie, farting, leik og kos med godgutane... Men eg blir litt inspirert når eg ser alle dei kreative innlegga som dukkar opp i andre bloggar, no som ferien er på tampen. Kanskje eg må ta meg ein rundtur i huset - og ta bilde av tidlegare prosjekt. Det er jo stadig ting eg gløymer å ta bilde av... Krampeaktig...?? Jada. Pytt pytt.

Toppar det heile med bilete av nokre fine blomster frå hagen. Har verken hekla eller strikka dei, men satt frø, vatna og småprata (samt redda dei frå små gartnar-assistentar som meir enn gjerne hjelper mamma med luking...). Frå øverst er det raude solsikker, gule solsikker, rosa hagepoppel og stor kvit kattost. Det som var litt ekstra kjekt med mange av frøa me planta, var at me ikkje ante korleis blomsten kom til å sjå ut. Me hadde fått masse frø hos sambo si tante. Ho er hageentusiast og hadde plukka dei frå eigne planter. Så når hausten kjem skal me plukke frø som me har til neste vår :)
Fortsatt god sommar!!




2 kommentarer:

  1. Tusen takk for koselige ord hos meg! Likte tanken på "Emil-skjorte" - må si at skjorta har vokst litt på meg nå, ble bare ikke helt som jeg hadde tenkt før jeg sydde ;-).

    Du lager utrolig mye fint - og herlige blomster i hagen! Ha en fortsatt fin kveld!

    Klem fra Maria!

    SvarSlett
  2. Så mange fine blomster du har i hagen :)
    Veit hvordan det er med symaskin som står og støver ned, hehe, er jo så mye annet gøy og gjøre når det er sommer og sol :D

    Du har jo så mye flotte klær i bloggen din, gleder meg til å se hva som kommer utover høsten ;)

    SvarSlett