mandag 17. februar 2014

Strikkepinnemapper

Kaos i strikkepinnane er eit
tilbakevendande problem her
i huset. Med jamne mellomrom
tek eg meg eit skikkeleg tak og
ryddar opp, men så glir eg raskt
tilbake til gamle synder. Systemet
til no har vore ein sylinderforma
plastboks. Men så blir det så vanskeleg
å få oversikt over kva slags tjukkelse
det er på dei ulike! For ikkje å snakke
om alle pinnane som lever eit trasig liv
attgløymt i ein eller annan UFO...
 
Det som så skjer når eg står i
garnbutikken og skal handle garn
til eit nytt prosjekt, er at eg ikkje
veit kva slags pinnar eg har frå før
- og kjøper nye for ikkje å risikere
at eg kjem heim med garn
og manglar pinnar!!
 
Men no syr eg strikkepinnemapper.
Noko eg føler meg sikker på
skal vere starten på eit nytt
og ryddigare strikkeliv.
 
Første ut er denne i blått linstoff
med koseleg blomstermønster, fora
med lett, kvitt bomullstoff.
Eg brukte ikkje oppskrift, så eg
prøvde meg litt fram - inspirert
av strikkepinneetuiet til
Pickles-jentene.
Eg vrengesydde rett og slett eit 
rektangel i ønska størrelse.  
Bretta inn ein smal kant oppe,
og ein breiare kant nede som skal
romme strikkepinnane. Nede sydde
eg saumar med jamne mellomrom
heile vegen, slik at det blir rom
for kvart nummer med pinnar.
Den smale kanten oppe (som er
for å hindre at pinnane glir ut av
mappa) sydde eg berre på fire
punkt, der mappa skal brettast.  
 Eg fora med platevatt.
Det vart for så vidt stødig og
fint, men vart ikkje heilt enig
med meg sjølv om det er nødvendig.
Det blir jo litt volum ut av det...
 Denne skal storesyster mi
få i julegave. Sjølv om ho er
ein av dei ryddigaste eg kjenner,
trur eg at sjølv ho har litt uorden
i strikkepinnane :-)
 
GOD JUL, GUNN!!
 
Neste ut var denne i grå stjernelin,
fora i lett, offwhite bomullstoff. Det
vil sei; Eg laga to i same slengen, slik
at mamma kunne få den eine i julegave.
 Denne er laga på same måte som den
blå, men eg droppa platevatten for å
sjå korleis det vart. I utgangspunktet
tenkte eg at det var ok. Linstoffet er
jo ganske stødig, og strikkepinnane
er stive i seg sjølv. Men no som eg
har brukt ho ein del, og har den
i strikkekurven, i strikkeveska osv,
ser eg at det blir litt "skranglete".
Eg trur pinnane blir liggande finare
på plass i den vatterte.
 
Konklusjon:
Dersom eg skal lage fleire,
blir dei nok med tynn platevatt
 Lengst til høgre har eg plass til
heklenåler, hjelpepinnar o.l.
Og det virkar, faktisk!
Fin orden i pinnane!
 
Men....så var det rundpinnane.
Det får bli eit nytt prosjekt.
Gode forslag mottas med takk. 

1 kommentar:

  1. Disse etuiene er så kjekke! Jeg har sydd noen eksemplarer selv basert på pickles sin oppskrift og er helt avhengig av etuiet. Mitt begynner å bli litt slitt etter flere års flittig bruk så jeg tror jeg snart må sy et nytt:)

    SvarSlett