torsdag 7. februar 2013

Storebror gir dokkene ny garderobe!

Dokkene i barnehagen til storebror
ligg og nakne og stusselege, så no
har dei vaksne der begynt å strikke
litt kle. Ettersom storebror har lært
seg å sy på maskin, var han raskt
ute med å tilby sine tjenester.
 
Han har en herlig mangel på
begrensande tankar! Så eg måtte
prøve å realitetsorientere litt med
tanke på kva han kunne få til, samtidig
som eg ikkje har lyst til å ta frå han
trua og kreativiteten.
 
Er det ikkje herleg så lenge ein
er overbevist om at alt er muleg??
 
Og mykje er jo også muleg...
Gode triks er for eksempel å sy
i fleece. Det raknar ikkje, så det treng
ikkje kantast eller leggast opp.
 
Først ut er ei fleecelue i Mariusstoff.
Sydd i eit forstykke og eit bakstykke,
runda av på toppen. Dårleg forklaring?
Slik vart iallfall resultatet.
Fiiin!!
 
 
På ei snekkarbukse eg har sydd til
han før, hadde eg pynta med dekorsaum.
På maskina kan ein velge mellom mange
ulike motiv. Ein slik saum ville han
absolutt prøve. Difor måtte me nesten
lage eit skjørt i einsfarga bomullstoff
også. Der kjem dekoren godt fram.
Han valde stoff, trådfarge
- og ein flott epledekor!!
Eg bretta inn falden med strykejern
først, slik at han berre kunne sy den fast
med dekorsaumen. Skal ein gjere det
sjølv, så skal ein gjere det sjølv.
Men han måtte få pittelitt hjelp med
strikken; det er jo litt vanskeleg å
strekke samtidig som ein syr...
 
Sjå kor søt ho vart i det
nye skjørtet sitt :)
 
 
Fleeceskjørtet under er kanskje
lovleg kort, men pytt-sann.
Det er jo frykteleg gøy å SY!!
Så her her har storebror sjølv klipt
ut bitar i fleece som han har sydd
saman. Heilt supert å få fire saumar
istaden for ein!!
Også her måtte mor tre litt støttande
til med ribben i livet, men det skulle
berre mangle... Eg veit om folk som
har slutta i barnehagen - og som
fortsatt tykkjer det er litt vanskeleg :)
 
 
Så enkelt er det altså å fornye
garderoben med nokre nye lekre
gevantar!!
 
Berre å ta kontakt om ein ynsker
ein kreasjon frå husets nye
klesdesignar :)

4 kommentarer:

  1. Ser at dere har kosa dere skikkelig! Flink :)

    SvarSlett
  2. Kjempefine dukkeklær! Gutten din er jammen flink!

    SvarSlett
  3. Tusen takk - på storebror sine vegne :-)
    Han kosar seg iallfall stort, og det er jo det viktigaste...

    SvarSlett