onsdag 5. desember 2012

Kjempefangst fra symessa!!

Fredag var det JuleExpo på
Lillestrøm. Masse sygreier og masse
kjempehyggelege syjenter!!
Eit eldorado for ein synerd å kunne
ta og føle på stoff som ein vanlegvis
berre kan kjøpe på nett.
Det var faktisk så kjekt å ta og
føle på dei at overraskande mykje
vart med meg heim...!
Yr av glede måtte eg berre knipse
litt bilete av fangsten etter at eg
kom heim. Eg vart nesten litt
overraska når eg fekk tømt posane.
Det var jo endå meir enn eg
kunne hugse at eg hadde stappa oppi!!
Det var så mykje fint at bloggen
ikkje orka meir... Men no har
eg kjøpt ekstra lagringsplass, så her
kjem herlegheita:
Stoff, stoff, stoff...
 






 














Garn og mønster til ein
fin liten babyvest.
Garnet er den nydelegaste,
mjukaste kvalitet eg har kjent!
50% babyalpakka og
50% silke.


Ei stor, fin strikkebok med
mange kjekke grunnmønstre
på blant anna strikkalabbar og vottar.
I tillegg til dokkekle og mykje,
mykje anna fint :)


 Lekkert bomullsgarn
i fine fargar.


6 nummer Sy-magasinet
for 100 kroner...umuleg
å motstå.

 
Knappar, bånd, tråd osv...
 
 
Og til slutt ein veldig fin Tilda-boks
til å ha litt saker og ting i...
 
 
 
 
 
 
 
 

4 kommentarer:

  1. jammen hadde du fått med deg mykje fint heim:)

    SvarSlett
  2. Så fantastisk mye fiiiiint!!!

    SvarSlett
  3. Herlig herlig!!

    Det var veldig koselig å møte deg igjen!! Håper det ikke blir lenge til neste gang!

    Klem fra Karen

    SvarSlett
  4. Sitter med et smil rundt munnen, ser på bilder og leser... Detta va kjekt. Gleder meg allerede til neste år. Blir spennende å se hva vi får ut av stoffene....

    SvarSlett