torsdag 23. august 2012

Ugler har oppheva sytørken!!


 I sommar har me pussa opp,
og sykroken har vore lagringsplass for
alt som vanlegvis høyrer til i stove,
kjøkken og gang.
 
Men no byrjar me endeleg å komme
i orden, symaskinene dukkar fram
og eg er skikkeleg sysjuk!!!
 
Haustens første prosjekt er eit
skjørt med tilhøyrande veske.
Eg var litt usikker på størrelsen,
så eg testa på gutane mine.
Det visar seg at det passar til
gutar på både 3 og 4 år.
Og sikkert til jamaldrande jenter også.
 
Lillebror tykte det var heilt topp.
Svinga rundt med armane over
hovudet og høge kneløft, og ville slett
ikkje ta det av. Her poserar han
villig med veske og det heile :)
 
 
Veska er i auberginfarga babycord,
med hank og applikasjon i bomullstoff.
Pynta med lilla pompongar.
Den vart egentleg ganske fin i fargen,
men det var klin umuleg å få fram
fargane på bilete.
(eg burde nok tvangssendast på fotokurs...)
 
 
Linningen (med strikk) og kappa
er sydd i bomullstoff med ugler,
og det lilla feltet er same aubergin
babycord som i veska.
 
 
Etter labratorietestar torer eg å
påstå at det passar til folk i 3-4-årsalderen,
og at det er veldig fint å ha på når ein
skal snurredanse og "lage triks".

1 kommentar: