søndag 29. april 2012

Skikkelig arbeidsbukse

Her i Oslo har me ei heilt
nyyydeleg vårhelg!!
Endeleg blå himmel og sol. Og
så varmt at me kan leike ute
utan dress og regnekle.

Storebror har lenge ønska seg
snekkerbukse, og no var den klar!!
Han har sjølv bestemt både
stoff, fasong og detaljar.

Den tok litt tid å lage, men
det gjer absolutt ingenting når
mottakaren blir så fornøyd...!
 Han har fylt lommene med verktøy,
blyant, lommelykt osv.
Alle som vil høyre får vite at
dette ikkje er ei barnesnekkerbukse,
men faktisk ei skikkeleg arbeidsbukse.

Den kom så kjapt i bruk, at eg ikkje
rakk å ta bilde av den i rein og ubrukt
stand. Men det gjer ingenting.
Egentlig finare med preg av aktivitet :)

 For å tåle slitasjen ei skikkeleg arbeidsbukse
blir utsatt for, er den sydd i easy cotton.
Dette er eit ekstra slitesterkt bomullstoff
som eg har kjøpt her.
For øvrig ein stoffbutikk på nett med
superduper service...
 På ryggen er forbokstaven B applikert
på, og nede på eine foten er det eit
4-tal for 4 år.

 Buksa er, etter ønske frå jobbekaren, halvfora
med dette villdyr-stoffet.
 Fire-tall fordi jobbekaren er fire år.
 Hammerhempe (eller kva det no heiter
jobbebuksespråket), fordi det må
ein sjølvsagt ha. Pynta med båtar.
 Stor brystlomme med plass til
blyantar og arbeidstegning.
Pynta med bilar.
 Med så godt utstyr har det vore
veeeeldig mykje jobbing!
Blant anna mykje sneglejakt.
Dette er herr og fru Gilbert (?).
 Etter å ha utarbeida arbeidstegning
(jepp - det må ein alltid ha)
for eit mureprosjekt, måtte med ut
på tur med traktoren. Me
mangla nemleg stein.
Lillebror køyrer og jobbekaren
sjølv dyttar. Problemet er at
i velpreparerte villastrøk i
hovedstaden er det knapt mogeleg
å finne ein einaste stein.
Heilt utruleg for mor, som er
oppvokst på huren luren, der ingen
skulle tru at nokon kunne bu.
Med steinplukking som ein
karakterbyggande og betydelig
aktivitet i barndommen.

Ynskjer alle ei fortsatt strålande
1.mai-helg!!
PS! Monsterluene er sjølvsagt
også frå mor sin sykrok...

4 kommentarer:

  1. hei på deg! så skjønne bukser! er så fint med make gutter! hehe og fine luer hadde de og! Tusen takk for kommentar hos meg=) Ha en fin fredag! klem fra Yvonne.

    SvarSlett
  2. HEi - stilige bukser og så flott skrevet; det fallt jeg helt for :) Ønsker deg en fortsatt fin Jippijajavår!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for fine tilbakemeldingar!!

    Det er så kjekt å lage noko til gullgutane innimellom. Dessverre er dei litt som skomakarens barn. Til no har eg for det meste laga jenteklede. Men no kjenner eg at eg har masse gutteidear på lager :)

    Ekstra kjekt når mottakern blir så fornøyd, sjølvsagt!

    SvarSlett