torsdag 29. mars 2012

Kjole til "gul fest"

Den søte nabojenta vår skal på
"gul fest" i barnehagen i desse
påsketider. Det var vanskeleg å finne
noko høveleg antrekk i butikken,
så då vart Tråkleguri hyra inn.

Etter litt laber aktivitet i sykroken
sidan nyttår, er eg så smått igang igjen.
Og dette var kjempemorsomt oppdrag!

Det einaste stoffet eg kom over som
var gult nok, var eit lett bomullstoff.
Egentleg hadde dei lyst på ein
selekjole, men då ville eg nok helst ha
kombinert med noko kraftigare.
Istaden for vart det denne varianten:


Kjole med kort arm, og elastikk i ermer,
halsringing og over bryststykket.
I hals og ermer laga eg løpegang med
rosa kantebånd. Str 86.


 For å piffe opp kjolen, flaksa
det inn ein frisk og grøn fugl.


Nede i skjørtekanten er dei ulike
rosafargane i stoffet tatt opp igjen i
kraftig rosa kroklisse og lys rosa
kantebånd.


Med denne gule og vårlege
kreasjonen, vil eg ynskje alle ein
kjempefin påske!!

7 kommentarer:

  1. Kjempefin kjole, og perfekt til Gul Fest! Her skal også jenta på Gul Fest i morgen. Hun ville ikke ha kjole, men en gul singlet hun fant :) jaja, fest blir det vel uansett ;)
    God Påske!!
    Klem fra Tina

    SvarSlett
  2. Så søt gul kjole. Gul fest er moro :)
    Riktig god helg til deg og dine :)

    Jeg har en liten påskegave jeg skal dele ut på bloggen min. Bli med å test vinnerlykken da vel :)

    SvarSlett
  3. Flott kjole, perfekt for gul fest!
    God påske!

    SvarSlett
  4. Hei hei

    ...og takk for koselege kommentarar!

    Me kom tilbake frå påskefjellet i går kveld, og i dag har heile familien vore i full aktivitet med våronn. Men eg kjenner eg er litt sjuk etter ein liten date med symaskina og. Kanskje dukkar det opp noko...?

    Fortsatt god påske, iallfall!

    SvarSlett
  5. Så fin fin kjole, den passa nok perfekt inn på ein gulfest:)

    SvarSlett