mandag 26. mars 2012

Ein siste vinterleg krampetrekning

Me har hatt ei helg i heilt fantastisk vårver.
Etter å ha kosa seg i hagen, kjøpt nye
joggesko og vore på tur i vårskogen,
kjenner eg at det må bli heilt slutt på å
blogge vinterbilder...

Men eg måtte berre ha ei siste
krampetrekning med desse luene.
Dei er så fine, tykkjer eg!
Jada. Litt sjølvskryt.
Men i grunnen mest skryt til Mammo
som har laga mønsteret.
Ho har klart å få til ein veldig god
fasong som sit godt på hovudet,
og som er tett og fin på øyrene.

Om du har lyst på mønsteret,
eller vil sjå på andre ting ho har laga,
kan du ta ein titt i bloggen.

Luene på bileta under er laga i koksgrå
ullfilt med for i fleece.





Takk for kjempefint mønster, Mammo!
Trur absolutt eg skal lage fleire slike
....neste vinter.

Men no er det vååååååår!!!

1 kommentar:

  1. Så flott lue du har sydd. Modellen er kjennes god ut på hodet og er flott å se på så da er jo alt helt topp :) Nydelig det stoffet du har foret innsiden med :)

    SvarSlett