mandag 7. november 2011

Lue og smetteskjerf

Ida-Frida fekk seg nytt skjerf i perlestrikk her for litt sidan.
I ein ubestemmeleg brunfarge,
som foreldra sjølve valde ut i restekorga.

Diverre har ikkje mamma (storebror) og pappa (lillebror)
lært å knyte endå, så det vart litt kaldt i halsen.

Løysinga vart å strikke eit smetteskjerf!
Denne gongen fekk eg avgrensa valalternativa
noko meir, og eg tykte med kom godt frå det med
dette lys lilla, mjuke og fine ullgarnet.

Broderte blomster i kvitt ullgarn.


Antrekket forøvrig er heilt tilfelding,
men eg må nesten nytte høvet til å skryte av den fine trusa.
Den sydde mi mormor til dokkene våre når me var små.
Eg meinar den hadde ein matchande kjole og.
Rundt kanten på beina er det ekte nuppereller.



2 kommentarer:

  1. Så koselig skjerf og så stas med den søte trusa da. Er moro når man kan la barna leke med ting vi selv hadde når vi var små. :)

    SvarSlett
  2. Ja det er moro...

    Me hadde jo ikkje like mykje leiker når me var små som det som er vanleg i dag, og då blir ein gjerne meir knytta til kvar ting også. Særleg denne som mormor har laga...

    SvarSlett