fredag 11. november 2011

Høstkolleksjonen er her!!

Litt svulstig å kalle det haustkolleksjon, kanskje.
Meir dekkande er det at eg i løpet av månader
har klart å tråkle saman litt småtteri
som passer godt no i desse hausttider...

Etter ryggoperasjon og tøffe tak,
har produksjonen i Tråkleguri sin sykrok
vore beskjeden lenge.
Men no trur eg på betre tider!!

Her er ein smakebit;


Sykroken min er i kjellarstova,
som i grunnen ser meir ut som eit bibliotek...
Etter kvart som ting er meir og mindre
ferdige, blir det berre til at eg
hektar hengaren på ei bok.
Som de ser av bilete;
ein smule uordentleg, kanskje. 
Men slik er Tråkleguri sin drøymeverden:
- hyllemeter på hyllemeter
med bøker av alle slag

- uanstendige mengder stoff
i alle fargar og kvalitetar

- eit par symaskiner
og masse knappar, bånd og dill

Kanskje vil du følge med på
bloggen min framover?
Så kan du sjå hva som blir resultatet
av at et prøver å få stofflageret
ned i anstendige mengder...

Men det er som å slanke seg;
Det einaste ein treng å gjere er å
bruke meir kaloriar enn ein inntar.

KJEMPELETT!

Det einaste ein treng å gjere
for å få eit moderat stofflager,
er å bruke mer stoff enn ein kjøper.

KJEDELEG ENKELT!

Men moro?
Tvilar...

Her sit eg, trinn og god, og kosar meg
med eit lite glass rødvin og litt nøtter.
Medan eg lurer på kva ende eg skal byrje i...







3 kommentarer:

  1. Så mye flott du har laget. :)

    SvarSlett
  2. Mey fint du har laget - syns det ser fint ut med all "pynten" på bøkene jeg ;))

    SvarSlett
  3. Her var det mye fint! :) bra du er i sving igjen etter operasjon!

    SvarSlett