torsdag 7. juli 2011

Skjørt med jungel og marihøner i skjønn forening...

Skjørteproduksjonen fortsetter...
Dette småcrazy skjørtet likte eg skikkeleg godt sjølv. Men det er kanskje ei øvre aldersgrense...?
Eg likte godt dei friske (og litt sprø) farge-/mønsterkombinasjonane!
Sjølve skjørtet er sydd i eit grønt jungelstoff kjøpt i ein liten stoffkjellar på Ås, med mykje rare saker.
Kappa er i svart- og kvitrutete bomullstoff, og i livet er det raud ribb.
Til dekor på kappa er det eit par marihøneknappar, som ikkje har noko som helst med jungel å gjere, men som matchar den raude ribben.



På dette vetle biletet viser det kule mønsteret på det grøne jungelstoffet bedre.


Eit skikkeleg hurraskjørt!!!

3 kommentarer:

  1. Skikkelig morsomt skjørt! Og aldersgrenser?! Kjenner vi til dem?! :)

    SvarSlett
  2. Flott blogg du har med masse god inspirasjon! :-) Jeg linker deg i min blogg, jeg. God sommer fra Gulltann & Pus

    SvarSlett
  3. Det var jammen ett deilig skjørt! Herlig miks av farger. :-)

    SvarSlett