søndag 17. mars 2013

Nydeleg å strikke i silke og babyalpakka!!

Berre for å ha sagt det; 
her var det mykje dårlege bilder.
Eg er ikkje nokon kløppar til å strikke,
men heldigvis bedre på strikking enn
fotografering...
Denne vesten er i størrelse ca 6-9 mnd
og er strikka etter eit mønster i boka
Babylykke. Litt anleis med knappestolpen
i halsen og den broderte bilen på magen.


Vesten er strikka i det beste garnet eg
nokon sinne har brukt:

 "Fin", heiter det, og er
50% silke og 50% babyalpakka.
Så no går det nokre søte, små, nakne
babyalpakkaer og frys ein eller annan stad.
Perlemorknappar i ulik størrelse til
halsstolpen og bildekk.
Vesten er til mitt nyaste grandtantebarn;
nydelege vetle Håvard.
Og storesystao må jo og få noko,
så her er hals og leggvarmarar.
Dei er strikka i Sandnes minialpakka.
Slett ikkje så verst det garnet heller.
Fotograferinga er det derimot mykje
å utsetje på... I eit forsøk på actionbilde
tredde eg både halsen og leggvarmarane
på "storesøsteren" (som den største dokka
her i huset heiter). Vart ikkje spesielt
vellykka. Er eg heldig, kan det jo hende
eg får lov å legge ut bilde med dei
nydelege tanteungane inni!!
Søte blomsterknappar.

Eg har ikkje brukt oppskrift på hals
og leggvarmarar. La berre opp passe
mange maskar og strikka laus vrangbord
med to rette og to vrange, bortsett frå
knappestolpen der eg strikka rett heile
tida (altså rillestrikk). Det ser litt rufsete
ut når ein strikkar såpass laust, men det
blir veldig mjukt og behageleg på.
Og DET er jo det aller viktigaste.
Får håpe dei to skjønningane blir
glad for pakke i posten :)
Klem frå Tante-Elisabeth

1 kommentar:

  1. Så utrolig mye fint. Digget vesten med bildetaljen. Du er en kløpper til å strikke

    SvarSlett